Kinn Arbeidarparti vil ha gode, offentlege tenester. Dette sikrar at innbyggarane møter kjende fjes og får dei beste tilboda. Det sikrar også dei tilsette gode arbeidsvilkår, med tariffavtaler, heiltidskultur og ordna forhold. Vi ønsker ikkje eit samfunn med klasseskilje, der dei med mest pengar kan kjøpe seg dei beste tenestene, mens dei som er avhengige av hjelp frå det offentlege sit igjen med restane.

Ord som privatisering og konkurranseutsetjing er vi vane med å høyre frå parti på høgresida i politikken. Det er ikkje like vanleg at ei stemme til Raudt tydelegvis er ei stemme til Frp-politikk.

Får Kinn AP styre kommunen etter valet, vil det sjølvsagt ikkje vere aktuelt å konkurranseutsette forvaltninga av pensjonen til dei tilsette, slik budsjettkameratane, frå Raudt til Frp, gjekk inn for i desember 2022. Sjølv etter sterke protestar frå Fagforbundet valde samarbeidspartia å ignorere arbeidstakarorganisasjonane, og innsparing på grunn av tiltaket er lagt inn i budsjettet, så vi må jo tru at det vil bli gjennomført.

Arbeiderpartiet vil framleis vere eit parti for arbeidsfolk og vi lyttar til arbeidstakarorganisasjonane. Trygg styring med Kinn AP i førarsetet er den beste måten å sikre gode, offentlege og likeverdige tenester.

Godt val!