Trur på elbåteventyr i Florø: – Det er ikkje berre mogeleg, det er sannsynleg

PÅ EVOY: Ap-toppane Espen Barth Eide og Terje Åsland var denne veka i Florø der dei mellom anna besøkte Evoy. Dei hadde både tru og forventningar til visjonane i Evoy.

PÅ EVOY: Ap-toppane Espen Barth Eide og Terje Åsland var denne veka i Florø der dei mellom anna besøkte Evoy. Dei hadde både tru og forventningar til visjonane i Evoy. Foto:

Tungvektaren i Arbeidarpartiet, Espen Barth Eide meinte utviklinga av elbåtar vil kunne samanliknast med elbil-revolusjonen i Norge. Men på sjøen vil norsk næringsliv i tillegg kunne hente heim verdiane.

DEL

– Det er ikkje berre mogeleg, det er sannsynleg, kom det frå Eide då han denne veka var i Florø der han mellom anna besøkte innovasjonsbedrifta Evoy. Han kunne fortelle at Norge har vore ein sjøfarts, og skipsbyggarnasjon i 1000 år, og at det er berre i 100 av desse at framdrifta har vore fossil. No meiner han elektrisitet og Hydrogen vil ta over.

Norge har ein elbil-tettleik i bilparken dei fleste andre land i verda ikkje kjem i nærleiken av. Det har vore ei ønskt satsing ifrå styresmaktene si side med incentiv, eller gulerøtter om du vil, for å kunne få fleire til å køyre utsleppsfritt.

Desse incentiva har i stor grad vore avgiftsfritak. Dette har gjort elbilar konkurransedyktige i høve til bensin- og dieseldrivne bilar. Dette har ført til at elbileigarar har kjent på lommeboka at dei køyrer utsleppsfritt. Det har vore fritak for parkering, gratis ferjefart og fritak i bomringane. Målet har vore å få fleire elbilar inn i bilparken. Strategien har styresmaktene lukkast med. Frå 2015 fram til i dag har talet elbilar auka med nesten 600 prosent. Ifrå i fjor til i år auka elbilsalet med 33 prosent ifølge SSB. Med stadig fleire elbilar i marknaden, har infrastrukturen bak med fleire ladestasjonar og hurtigladepunkt auka.

FRAMTIDA: Espen Barth Eide t.h. og Terje Åsland her med verdas kraftigaste el-påhengsmotor. I 2023 er målet 300 HK, og i 2025 skal Evoy kunne levere ein med heile 450 hestekrefter.

FRAMTIDA: Espen Barth Eide t.h. og Terje Åsland her med verdas kraftigaste el-påhengsmotor. I 2023 er målet 300 HK, og i 2025 skal Evoy kunne levere ein med heile 450 hestekrefter. Foto:

Den store elbilrevolusjonen i Norge har også utfordra produsentane av elbilar der kvaliteten på bilane og rekkevidda til batteria har blitt betre.

Sjølv om den norske bilparken er blitt grønare og infrastrukturen på ladesida stadig blir betre, så er ikkje norsk næringsliv del av verdiskapinga. Men på båtsida kan dette bli ganske så annleis.

I startgropa

Florøbedrifta Evoy (som står for Electric Voyage) er i dag leiande på sitt område. Dei ønskjer å elektrifisere båtparken og har gått frå å vere spennande, og innovativt gründerselskap, til å ta førarsetet i Europa.

– Vi er svært stolte og audmjuke over å ha blitt valt ut blant dei leiande grøne oppstartsselskapa i Europa. Det viser at vi er på rett kurs, fortalde gründer og dagleg leiar, Leif A. Stavøstrand etter at dei fekk 45 millionar i støtte frå EU.

Men viktigare enn pengane, var anerkjenninga av EU at Evoy er på rett spor. Og med storkapitalen frå kontinentet som bjøllesau kom også fleire som ville vere med på den elektriske reisa til Stavøstrand og Co.

Tidlegare utanriks- og forsvarsminister Espen Barth Eide (Ap) følger dette området tett. Han meiner Norge med Evoy i spissen verkeleg kan ta del i den verdiskapinga som på elbil-sida har forsvunne ut over landegrensene.

GOD KLANG: Ap-toppen Espen Barth Eide sitt perspektiv på framtidig verdiskaping i bedrifter som Leif A. Stavøstrand sitt Evoy, var musikk i florøgründeren sine øyre. Her på tur med Evoy1, verdas raskaste elbåt.

GOD KLANG: Ap-toppen Espen Barth Eide sitt perspektiv på framtidig verdiskaping i bedrifter som Leif A. Stavøstrand sitt Evoy, var musikk i florøgründeren sine øyre. Her på tur med Evoy1, verdas raskaste elbåt. Foto:

– Norge er store på skipsbygging og har dei teknologiske miljøa som skal til for å kunne skape det industrieventyret Stavøstrand drøymer om, fortalde Barth Eide.

Han meinte ikkje berre at det var mogeleg, han hevda det var sannsynleg.

Tøff marknad

Det å vere heilt i teten på eit område slik Evoy er no er krevjande. Konkurrentane poppar opp ein etter ein og vil ha del av kaka. At bedrifta ligg i Florø vedgår Stavøstrand kan vere ei utfordring, men like fullt er det ei så spennande bedrift at dei høgt nok kvalifiserte medarbeidarane vil vere med på eventyret. Dei er i dag ti tilsette, men no skal dei tilsette åtte til. Og det stoppar ikkje der.

Evoy leverer no elektriske system til proffmarknaden. Dette er typisk oppdrettsnæringa. Dyrt innkjøp, som ny innovativ teknologi brukar å vere, vil i denne marknaden kunne forsvare seg, då elektriske system har så stor bruk at ein vil kunne rekne investeringa heim på mindre vedlikehald og drivstoff.

Fritidsbåtmarknaden

Evoy er framleis stor grad avhengig av Enova og andre støtteordningar som gjer det mogleg for kundar å endre framdriftssystem i båtane sine. Men målet er at Evoy skal få sin bit av fritidsbåtmarknaden. Det er i dag 600.000 fritidsbåtar som i dag står for meir utslepp enn alle innanriksflygingar i Norge. Potensialet er stort berre på miljøsida, men i verdikjeda er det i denne marknaden volumet og pengane er å hente.

Evoy har allereie lansert den kraftigaste elektriske påhengsmotoren i verda. Og det stoppar ikkje der. I november ventar eit nytt kvantesprang for Evoy der nye verdsrekordar skal settast.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken