Gå til sidens hovedinnhold

Trur nytt kunstig agn kan revolusjonere linefisket

MÅLØY: Måløybedrifta Ecobait AS meiner det nye agnet dei har utvikla vil revolusjonere fiskeriet ved å vere konkurransedyktig på pris, miljøvenleg og ikkje minst ved å bidra til å redusere uønskt bifangst.

– Agnet har ikkje alternativ bruk som menneskeføde, og målet er jamn kvalitet gjennom heile året. Kundane skal ha ein stabil pris, seier dagleg leiar Ole Petter Humborstad, og legg til:

– Målet vårt har vore å kome fram til eit fabrikkert agn som ikkje berre kan konkurrere på pris, men som også kan lokke til seg akkurat det fiskeslaget ein er ute etter på fiskefelta. På den måten kan vi redusere uønskt bifangst, ein problematikk som er spesielt vanleg for torsk og hyse.

Ecobait er eigd av ei rekke reiarlag som primært driv med linefiske, og eigarane ser med interesse på at selskapet no ha utvikla eit artsselektivt agn.

– Det vil også bidra til betre forvalting av fiskeressursane ved at vi kan treffe mykje betre på kvotane som myndigheitene gir oss kvart år. Det at Ecobait no er i ferd med å lukkast med å få til dette gir selskapet eit enormt potensial, meiner Arild Aarvik, som via investeringsselskapet Carisma Fish AS er medeigar i selskapet.

Forsking er suksessfaktor

Ecobait AS starta med eit svært enkelt mål for auget, dei jobba for å utvikle eit billigare agn. I starten jobba ein med ideen om å ta vare på fiskeavskjeret, male det opp og fryse det i pølser som så skulle brukast som agn.

– Men Ecobait sin forretningsidé skaut verkeleg fart då styret, og etter kvart også eigarane, innsåg at ei meir forskingsbasert tilnærming, med systematisk testing og dei bitte små justeringane som må til for at eit agn skal fungere optimalt, var vegen å gå. Miljø og berekraft ble navet i satsinga, seier Aarvik.

Ecobait definerte ein klar strategi basert på viktige kriterium for å lukkast med sitt lineagn. Basert på strategien fekk dei 14 millionar kroner frå Norges Forskningsråd i 2018, og selskapet har også eit godt samarbeid med Innovasjon Norge og Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansering. Dei har også knytt til seg doktorgradsstipendiat Dejan Knezevic frå Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet (NMBU) på Ås.

MMR Ocen Blue

Samarbeidspartnar lokalt er forskingsstiftinga MMR Ocean Blue som arbeider med forsking og utvikling innan havbruk, fiske og fangst og nye marine næringar. Også MMR arbeider tett med NMBU.

– Det er ingen snarvegar i dette gamet. Det er systematisk, hardt arbeid. Innovasjon og utvikling kan skje på slump om ein finn noko som fungerer. Men om ein ikkje forstår kvifor, ta ein ein stor risiko om produktet plutseleg skulle slutte å fungere. Vi har funne ting som fungerer, svært mykje som ikkje fungerer, og er no i ferd med å forstå kvifor.

Men sjølv om Ecobait har kome langt er dei ikkje heilt i mål.

– Nei, men vi er i ferd med å knekke koden. Vi ser ut til å ha løyst gåta for torsk og hyse i Barentshavet, men vi må forske meir. Og ved å knytte tette band til MMR Ocean Blue på dette kan det etter kvart bli mange spennande jobbar i Måløy og omegn, seier Aarvik.

Komplisert

Styreleiar i MMR Ocean Blue, Trond-Inge Kvernevik kjenner igjen problemstillinga, og peikar på at forsking og samarbeid er nøklar her.

– Utvikling av fôr og agn er så komplisert at ein risikerer aldri å kome i mål om ein driv planlaus prøving og feiling. Den tilnærminga vil før eller sidan koste meir enn den smakar. Forsking byr på ei stor verktøykasse for å planlegge, gjennomføre og lære av forsøk, det gir tilgang til eksisterande kunnskap på ein systematisk måte, og bidrar til at ein får definert kor utfordringar som kan krevje lang tid, store kostnader og høg risiko ligg, seier han.

Han har tru på at Ecobait har det som trengst til å bli ein kommersiell suksess.

– Det har vore drive forsking og utvikling på agn i Norge i over 30 år, utan at ein har lukkast med kommersialiseringa. Men Ecobait har fått linenæringa med på laget og har no kome lengre enn nokon har gjort før.

Kommentarer til denne saken