Lat oss ta faktafeila først: Nei, det er ikkje mandariner, men klementiner dette skal handle om. Mandarinen døydde eigentleg ein stille død ein vårdag i 1902, då presten Pierre Clément frå Algerie klarte å krysse mandarinen med ein annen sitrusfrukt; pomerans.

Nyskapinga var friskare, lettare å skrelle, litt mindre – og visstnok meir haldbar: Kort sagt betre.

Dette er sjølvsagt elementær grunnkunnskap for Firdaposten – og kanskje Kinn – sin suverene King of The Clementines, Dag Frøyen.

– Amatørar!

– Eg er jo glad i frukt, og gjerne syrleg frukt. Sjølv om mandariner ikkje er ei sesongvare lenger, men noko du kan kjøpe året rundt, så er vi inne i ei oransje høgtid for min del no, innrømmer lokalavisa sin frontsjef.

Seks kilo klementiner er snittvekta som nordmenn inntek kvart år. Frøyen flirer litt av talet.

– Eg kjøper halvannan til to kilo om dagen. Det ryk med på ei vanleg arbeidsøkt på desken, innrømmer Frøyen, som no vel å kome ut av citrus-skåpet med ei historie han har halde skjult for dei nærmaste i mange år.

– Det er mange år sidan, og det var ski-VM. Eg hadde fri frå jobb og benka meg framfor tv-en. På disken stod ein heil kasse mandariner, innkjøpt dagen før. Og det gjekk som det måtte gå.

– Kva legg du i det?

– Det betyr at eg åt opp heile kassen.

– Alt? Alle mandarinene?

– Alt.

– Der og då?

– Ja. Eg kjem inn i ein rytme, litt sånn apatisk. Og før eg visste ordet av det, var det tomt.

Nikka raskt

Då forstod vår mann at dette kanskje ikkje ville bli så godt motteke av den andre deleigaren av mandarinkassen, då ho snart var venta heim frå jobb.

– Eg heiv meg i bilen og køyrde på butikken og kjøpte ein ny kasse. Og eg passa på å kaste den første tomme kassen i boset, erindrar mandarinelskaren.

Men det var eit lite problem. Sendinga frå ski-VM var langt frå slutt.

– Eg var nok litt i mi eiga boble, for brått stod kona mi der på kjøkenet, temmeleg indignert og spurde «Frøyen, har du prestert å ete ein halv kasse mandariner?»

– Og kva svarte du?

– Eg nikka og svarte ja. Så fort eg kunne.

Rynker og hugs

Men kva gjer eit slikt mandarininntak med kroppen? Kva med magen? Tennene?

– Vel, alt har sin pris. Utover det har eg ingen kommentar.

Noko positivt er det i alle fall å hente. Ifølgje ernæringsforskarar er klementin-eting ikkje så dumt. Frukta er til liks med appelsinen, rik på C-vitaminar, men den har også andre gode sider ved seg:

– Et du tre klementinger om dagen, så dekkjer det 130 prosent av dagsbehovet ditt for C-vitamin. Ifølgje livsstilsmagasinet KK skal klementiner også førebyggje rynker og Alzheimers.

Vi held ein knapp på at det første stemmer, men neppe det andre. Vår Frøyen, som konstant går på overdose C-vitamin, er rett nok aldri sjuk og ser ung ut for alderen.

Men han er minst like gløymsk som resten av redaksjonen.