Om lag klokka 17.20 tysdag ettermiddag vart politiet kontakta av ein som hevda seg utsett for vald. Vedkommande skal også ha vorte truga med øks.
Det melder Vest politidistrikt på Twitter litt etter 20.30 tysdag kveld.
Den fornærma er ikkje skada.
Politiet har no kontroll på det dei trur er gjerningspersonen, og dei opplyser om at der er kjennskap mellom dei involverte partane.