Tilfelle gjorde til at Tokle Hoff ramla innom standen til Hub for Ocean på NTNU tidlegare denne veka. Der møtte ho på Trond Strømgren, og det tok ikkje lang tid før interessa for bedriftsklynga blei vekka.

– Som kjemistudent synest eg det var utruleg spennande å snakke om fornybare løysingar. Det berekraftige fokuset dei hadde, appellerte veldig til meg. Det kunne vert kult å jobbe i ein industri som er med på å skape framtidas løysingar.

Fekk gullbillett

Etter å ha prata ei god stund, henta Strømgren fram gullbilletten, og inviterte dermed den lykkelege studenten med på Framtidsfylket sitt kveldsarrangement med tre retters- middag og stand up.

– Det var full klaff. Det var mange kryssingspunkt, både fagleg og privat. Då vi sat rundt bordet dukka det også opp andre bedrifter i klynga som har behov for hennar kompetanse som kjemiingeniør. Vi ønsker ho som arbeidstakar i ein av våre medlemsbedrifter, seier Strømgren.

Han seier heile opplegget på kveldstid var ein god måte å bli betre kjend med studentane på.

– Hadde eg berre snakka med ho på stand hadde vi ikkje fått innsikt i det ho kan, og korleis ho er som person. Då hadde nok situasjonen vore annleis.

Etter å ha blitt betre kjend med studenten, var Strømgren sikker på at ho kan passe godt inn i Sogn og Fjordane.

– Ho har gjort mange spenstige ting i livet sitt, og verkar uredd og trygg på seg sjølv. Dessutan toler ho regn, ler Strømgren.

Strømgren seier at alle rundt bordet var einig i at kjemistudenten passar godt inn hos dei.

– Får vi tak i ho der, er det verdt heile opplegget for vår del, seier han.

Skal halde kontakta

Om trønderen kjem til å flytte til Florø kan ho ikkje svare på, men det er i alle fall ikkje uaktuelt om det kjem eit konkret jobbtilbod frå vest.

– Det var jo veldig triveleg, og eg fekk eit svært godt inntrykk. Eg er ikkje ferdig med bachelor-oppgåva mi før til jul, så får vi sjå etter det. Vi er einige i at vi skal halde kontakta framover, og at dei skal informere om kva type stillingar som eventuelt kunne ha vert aktuelt for meg.

I løpet av dagen og kvelden snakka ho med fleire av bedriftene som var med til Trondheim for å vise fram fylket.

– Generelt blei eg faktisk «blåst vekk» av alle moglegheitene som finst i Sogn og Fjordane. Dette hadde eg inga aning om i forkant, seier ho.

Ho presiserer at det er viktig at bedriftene er flinke til å vise seg fram på denne måten.

– Både i Florø og i Sogn og Fjordane ligg det bedrifter og moglegheiter som eg aldri hadde funne på eiga hand. Når ein leiter etter jobb, ser ein gjerne i det store byane fordi ein ikkje veit om noko anna. Då er det ekstra viktig at distrikta er flinke til å vise oss at det finst fleire moglegheiter.

Suksessfullt opplegg

Heile 40 bedrifter stod på stand på Gløshaugen denne dagen, og Rakel Gundersen frå studentorganisasjonen Teknologiporten, seier tilbakemeldingane frå studentane er svært positive.

– Studentane har vert veldig fornøgde etter karrieremessa, både seminar-delen i byrjinga, men også timane bedriftene stod på stand. Sogn og Fjordane har verkeleg lykkast med å vise fram dei kule bedriftene som finst i fylket, seier ho.

Teknologiporten har vore Framtidsfylket sin samarbeidspartnar for å nå flest mogleg studentar, og for å få hjelp til sjølve gjennomføringa av arrangementet.

– Etter å ha samarbeida tett med Framtidsfylket dei siste månadane har eg fått eit godt inntrykk av moglegheitene som finst der. Både det at det er stort fokus på utvikling av ny og spennande teknologi, og ikkje minst er det inspirerande å høyre at bedriftene er oppriktig interesserte i oss, og ønskjer oss til regionen, avsluttar Gundersen.