Gå til sidens hovedinnhold

Trond, John-Roar og Olemann vil kombinere fiske og reiseliv. Men staten er tverr

Statsforvaltaren i Vestland frårår realisering av planane om å kombinere fiskeri- og reiselivsaktivitet under samme tak i Iglandsvik.

For abonnentar

Planane i den gamle fiskeribua inneheld to panoramaleilegheiter på toppen, kombinert med ein eigen vri på moderne pod-overnatting i etasjen under. Bua skal samstundes vere base og lager for sjarkfiske.

– Vi planlegg å ha bygd ferdig til sommarsesongen. Vi håpar på rask og effektiv sakshandsaming, slik at vi kan bli klar med det meste til sommaren, understrekar Trond Grotle, som utviklar prosjektet saman med bror John-Roar Grotle og far og seniorpådrivar «Olemann», Ola Martin Grotle.,

Men når Statsforvaltaren i Vestland meiner planane ikkje samsvarer med reguleringsformålet i området, kan det hende ein må vente ei stund på byggestart.

Les også

Skal kombinere tradisjon med moderne pod-overnatting

Saka skal opp i formannskapet i Bremanger denne veka med innstilling frå rådmannen om at det skal gjevast dispensasjon frå reguleringsformålet. Dette kjem truleg formannskapet til å vedta og saka går då tilbake til Statsforvaltaren i Vestland.

Sakshandsamarane hos Statsforvaltaren påpeikar at det har vore gitt dispensasjonar fleire gonger sidan reguleringa i 2001, og at i nokre saker har dei ikkje fått tilsendt vedtaket til klagevurdering.

– Vi ser det som uheldig at det gradvis over tid skjer ei endring av arealbruken i området, i strid med gjeldande reguleringsplan, gjennom meir eller mindre tilfeldige dispensasjonar, påpeikar seksjonsleiar Egil Hauge og seniorrådgjevar Heidi Sandvik.

Dei konstaterer at per i dag er den utlagde hamna for småbåtar i Iglandsvik ulovleg. Det skulle tale for at den lenge etterlengta endringa av reguleringsplanen burde bli gjort snarast mogleg.

Kommentarer til denne saken