Trommar til krisemøte torsdag: – Eit vere eller ikkje vere for skulekorpset i Eikefjord

FÅ ATT: Eikefjord skulemusikk slit med rekrutteringa og står i fare for å bli nedlagt etter 54 års drift. Torsdag er det tid for krisemøte for korpset som no tel berre seks musikantar.

FÅ ATT: Eikefjord skulemusikk slit med rekrutteringa og står i fare for å bli nedlagt etter 54 års drift. Torsdag er det tid for krisemøte for korpset som no tel berre seks musikantar. Foto:

Når Eikefjord skulemusikk trommar til krisemøte torsdag kveld, må styret og foreldre ta eit viktig val: Kjempe for å berge korpset gjennom nyrekruttering – eller leggje ned drifta etter 54 år.

DEL

Det såg lovande ut seinast i fjor, då Eikefjord skulemusikk med støttemusikantar mønstra heile 20 deltakarar og drog på sosial speletur til Portugal. Eit år seinare, fem koronamånader inkludert, er situasjonen ganske så annleis, fortel korpsstyreleiar Cathrine Holsen Gardner:

– Vi har eigentleg streva med rekrutteringa av unge dei siste tre-fire åra. Så stoda vi står i no kjem eigentleg ikkje som noko stor overrasking, seier ho.

Seks att, tre nye på veg

I dag rår ho over seks musikantar under 20 år, samt tre aspirantar som er på veg inn. Det blir det lite trøkk av, om ein ikkje har hjelp.

- Vi har hatt vaksne støttemusikarar ein del år. Men no skallar det også av på den fronten. Dette er bakgrunnen for møtet på torsdag. Vi må rett og slett ta den store avgjerda: Satse og jobbe for å få tak i fleire som vil spele, eller leggje ned, seier styreleiaren.

- Er det spesielle ting som har skjedd siste året som har forverra rekrutteringa?

- Koronatiltaka har sjølvsagt påverka negativt. I vår skulle skulemusikken etter planen vere husband for Eikefjord skule sine musikaloppsetjingar. Det meinte vi ville vere ein god arena å vise oss fram for alle ungdommar og foreldre på, og kanskje lokke fleire med oss. Men alt det blei skrinlagt, fortel Gardner.

Paradokset fleirbrukshall

Den andre forklaringa til Gardner er litt av eit paradoks, både for korpset og grenda.

- Vi har fått ein ny fleirbrukshall i grenda. Det er flott på sett og vis, men akkurat for skulemusikken har det slått negativt ut. Barn og unge har no trenings- og øvingsareal til at mange aktivitetar kan gå føre seg samtidig. Der har vi i skulemusikken tapt i konkurransen og vi blir valt bort av mange unge, fortel ho.

Gardner har likevel ikkje gitt opp. Saman med korpsdirigent Ole Edvard Brende håpar ho no på ein skikkeleg rekrutteringsdugnad så korpset kan bergast.

Ein flott hobby

- Det er nesten litt utenkeleg med eit Eikefjord utan skulekorps. Men unge og vaksne skal ikkje spele i skulemusikken for å berge korpset. Dei skal gjere det fordi det er kjekt og gjevande. Vi ønskjer å vise fleire kor moro vi har det i lag, og at det å spele eit instrument i lag med andre er ein flott hobby, slår ho fast.

Møtet om skulemusikken si framtid skal haldast i amfiet på skulen klokka 18.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken