Den komande veka blir det tre ulike teaterframsyningar i Florø kulturhus. Det startar onsdag 4. mai når Teater Vestland kjem på besøk med to ulike produksjonar. Først ut er «Kattebanjo», ei barneframsyning med bluegrass-musikk og mykje moro for dei minste. Her møter du to litt einsame skapningar, ei mus og ein katt, som finn kvarandre og startar ei skikkeleg tøft band.

Men når mys og kattar skal omgåast sosialt, trengst det klare reglar. Det er til dømes ikkje lov til å ete sin beste ven.

Deretter blir det vaksenteater med framsyninga «Send Storm», basert på dikt av Jakob Sande. Her får du både kjende og meir ukjende dikt framført av Idun Losnegård, og med elektronisk musikk av komponist Viljar Losnegard.

To dagar seinare er det Riksteatret som kjem på besøk for å setje opp framsyninga «Mine Venner», basert på boka til Monica Isakstuen, og Riksteatret har sjølv omtalt oppsetjinga som «Eit surpriseparty frå Helvete». Hovudpersonen har nett gjort det slutt med bestevenninna, ho som ho har delt alt med, alle hemmelegheiter og hata resten av verda saman med. Vel innanfor stovedøra heime høyrer ho stemmer frå soverommet. Der står alle venninnene, det er hennar bursdag og det er eit surpriseparty ho aldri kjem til å gløyme.

Og vil du varme opp litt før den store teaterveka, kan du faktisk tjuvstarte allereie laurdag ettermiddag.

Då set Florø Musikkteaters musikalskule opp sin versjon av den kjende boka «Den lille prinsen». Det er born frå musikalskulen i alle rollene. Her får du oppleve dans, song og ei spanande historie for store og små.