Treng du verkeleg dei pengane tilbake?

Bilder fra Florarevyen 2019, Tjue i stil

Bilder fra Florarevyen 2019, Tjue i stil Foto:

Av
DEL

MeiningarNo trappast smitteverntiltaka opp for alvor - og medfører store konsekvensar for både oss som privatpersonar og for næringslivet. Eg tenker litt på alle dei små bedriftene som vert hardt ramma av dei strenge (men nødvendige) tiltaka som vart innført i dag.

Aktørar innen kunst, idrett og underholdning blir pålagt avlysninger og går på store økonomiske tap. I dag vart Florarevyen avlyst - forhåpentligvis kan den settast opp på nytt til hausten, men vi veit ikkje. Dersom alle ynskjer å få refundert billettane sine kan det vere kroken på døra for ein Florarevy 2021.

Spenst Florø er ei av bedriftene som vert hardt ramma av dei skjerpa tiltaka. Dei må stenge dørene i minimum to veker, og dersom mange seier opp eller frys abonnementet sitt for å spare eit par hundrelapper i denne perioden, kan det gå hardt utover økonomien til Spenst. Eg oppfordrar folk til å tenke litt lenger fram i tid enn akkurat her og no, og støtte dei bedriftene og/eller arrangementa dei er glade i.

Dersom vi skal komme heilskinna ut på den andre sida av dette, er det viktig at vi drar lasset saman. Kor avgjørende for privatøkonomien din er det for deg å få refusjon på dei kronene du brukte på eit arrangement eller ein konsert? Kor viktig er det for deg å sleppe å betale treningsavgifta akkurat i denne perioden når dette pågår? Vil du på Spenst når dette har blåst over? Ikkje frys abonnementet ditt no.

Vil du på Florarevyen i 2021? Ansjå revybilletten som spons. Eg oppfordrar til å tenke litt lenger enn egen nesetipp, reflektere over dei potensielle ringvirkningene til denne pandemien og korleis kvar og ein av oss kan bidra - både i liten og stor skala.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags