Passkrisa har vore omtala lenge. Men køen og ventetidene er framleis betydelege, sjølv om det varierer mykje frå kvar du bur.
No trør politiet i Florø til og opnar for at du kan få bestillt deg nytt pass utanom ordinær opningstid.
– Passkontoret vårt kjem til å halde vanleg dagope to laurdagar, den 8. oktober og den 15. oktober. Vi gjer dette for å ta unna venteliste og forhindre for lang kø. Vi veit også at ein del skuleelevar har slite med å få seg nytt pass i ordinær opningstid på dagtid, utan at dei får fråvær på skulen. Dette er også eit godt tilbod til denne aldersgruppa, seier Kåre Toreid ved politiet i Florø.
Viss du vil nytte deg av tilbodet, må du følgje standard prosedyre og bestille deg passtime inne på politi.no sine nettsider i forkant.
Deretter er det berre å ta med seg det gamle passet sitt, eller ein annan form for legitimasjon. Er du mindreårig, må du ha med verge, og begge foreldra må samtykke til at det kan lagast nytt pass.