Mådag tok hovudeigar Per Sævik og Havila grep og skaffa seg full kontroll over Fjord1 gjennom eit større aksjeoppkjøp. Samstundes opna Sævik for å fusjonere Fjord1 med det kriseråka rederiet Havila Kystruten, melder Dagens Næringsliv.

Tysdag vart det kjent at Sævik hadde alliert seg med eit amerikansk fond, Vision Ridge Partners, for å finansiere planane. Dei to kontrollerer no til saman vel 70 prosent av Fjord1-aksjane.

Bergensinvestor Frederik W. Mohn, ein av landets rikaste, har vore på lag med Sævik-familien sidan Fjord1 blei privatisert i 2017. Han har vore nest største eigar med 7,8 prosent av aksjane.

Onsdag varsla han at han trekkjer seg frå Fjord1-styret med umiddelbar verknad. Dagens Næringsliv har spurt Mohn om styreavgangen har samanheng med at Sævik tok kontroll i selskapet, og ikkje informerte sine medaksjonærar. Kommentaren til Mohn er følgjande:

– Alle aksjonærar må behandlast likt.

Han seier også til avisa at han ikkje vil selge sin aksjepost til 45 kroner per aksje, då han meiner dei reelle verdiane ligg langt høgare.