– Søvnproblem kan føre til at ein fungerer dårlegare på fleire plan, men det er uansett ikkje tilrådd at ein skal starte rett på sovemedisin. Det er mange søvnhygieniske tiltak som bør prøvast først, seier Ingvild Odsbu, som er seniorforskar ved avdeling for kroniske sjukdommar ved Folkehelseinstituttet (FHI).

Likevel ser ein altså at bruken av sovemedisin har auka dei siste ti åra, og det er særleg blant unge jenter mellom 12 og 15 år at endringane har vore store. I 2010 fekk 10,7 av 1.000 jenter i denne aldersgruppa utskrive sovemedisin, medan talet i 2020 var tredobla, til 29,4. I aldersgruppa 16–19 vart bruken dobla, frå 25,1 per 1.000 til 50,8.

Mange på melatonin

Det er spesielt bruk av reseptbelagde preparat med søvnhormonet melatonin som har skote i vêret hjå alle dei unge. Blant jenter i alderen 16–24 år har bruken av antihistaminet og sedativet alimemazin , som blir nytta mot søvnforstyrringar, også auka noko. Det er ikkje tilfeldig:

– Blant ungdom som får utskrive sovemedisin har rundt halvparten ei underliggjande, diagnostisert psykisk liding eller utviklingsforstyrring, slik som ADHD eller autisme. Det kan difor tyde på at sovemedisinen blir brukt som eit ledd i behandling av psykiske lidingar og utviklingsforstyrringar der søvnproblem kan vere eit av symptoma, seier Odsbu.

I den same perioden har bruken av vanedannande benzodiazepin og såkalla z-hypnotika som Imovane og Stilnoct gått ned for alle aldersgrupper. Odsbu seier det isolert sett er svært positivt at bruk av vanedannande sovemedisin no ligg på eit lågt nivå, men at det likevel er eit «men»: For forskarane ser også at ein større del av melatoninbrukarane tek sovemiddelet over fleire år, ulikt det som vanlegvis er tilfelle med anna sovemedisin.

– Det er urovekkjande at me enno ikkje kjenner til risikoen ved langvarig melatoninbruk. Dette er difor noko me må undersøkje og følgje opp, seier Odsbu.

Ni av ti av langtidsbrukarar av melatonin hadde anten ein psykiatrisk eller nevrologisk diagnose frå spesialisthelsetenesta. Sidan 2020 er det også blitt mogleg å kjøpe lågdose-melatonin reseptfritt på apoteka.

Reell auke

Ut frå eigenrapporterte plager, oppfyller ein av fire unge kriteria for insomni, ifølgje FHI. Studiar basert på klinisk diagnostisk intervju og objektive målingar syner derimot ein mykje lågare førekomst, fortel seniorforskaren:

– Søvnplager heng ofte saman med andre lidingar, og blir difor sjeldnare registrert. Om ein har søvnproblem grunna ADHD, er det ADHD-diagnosen som blir registrert – ikkje at ein har eit søvnproblem. Søvnproblemet blir også behandla som eit av symptoma på ADHD. Men når ein hentar ut sovemedisin på apoteket blir jo dette registrert, så slik sett er uthenting av sovemedisin ein betre markør for kor mange som har søvnproblem enn kor mange som har fått diagnosen insomni.

– I den same perioden har me også registrert ei kraftig auke av angst, depresjon og ADHD blant unge, og auka bruk av sovemedisin kan slik sett vere ei følgje av dette. Auka bruk av sovemiddel er uansett reelt og noko me må følgje nøye med på. Det har eg også inntrykk av at både nasjonale og lokale styresmakter gjer, seier Ingvild Odsbu.

Ho er tydeleg på at forskarane ikkje veit kva søvnvanskar blant unge kjem av, men at somme forklaringar likevel er meir nærliggjande enn andre:

– Dei unge rapporterer også om mykje stress, og er pålogga overalt, heile tida. Det bidreg truleg ikkje til å redusere søvnproblema dei slit med.

Bruk av sovemedisin blant jenter 2010 2020
12-15 år 10,7 29,4
16-19 år 25,1 50,8
20-24 år 36,5 57,6
Tal per 1000. Kjelde: FHI

(©NPK)