Tre personar er arresterte etter at politiet tysdag har aksjonert mot det dei omtaler som systematisk fiskerikriminalitet i Troms.
To personar i Tromsø og ein person i Møre og Romsdal er arrestert etter den omfattande aksjonen tysdag morgon. Med bistand frå Kystvakta ransaka Skatteetaten, Fiskeridirektoratet og Økokrim fleire skip, fiskemottak og kontorlokale, mellom anna på Vannøya i Troms.
– Vi kan ikkje sjå bort frå fleire arrestasjonar eller at siktingane vil bli utvida, seier politiadvokat Ronny Jørgensen i Troms politidistrikt på ein pressekonferanse tysdag kveld.
Det skal vere snakk om fisk som systematisk er ulovleg ført i land frå fartøy og som har vorte frakta vidare til utlandet. Det er mistanke om at det er ført feilaktige mengder fisk som er ført i land, noko som skal ha gått føre seg over tid. Det skal dreie seg om større beløp, opplyser politiet.
Store summar i omløp
Trond Båtnes i Skatteetaten seier saka også dreier seg om grovt skattesvik, noko etaten er oppteken av skal forfølgjast som straffesaker.
– Sjømat er ei næring med store summar og mykje pengar i omløp. Derfor er viktig at Skatteetaten og andre aktørar er tett på for å stanse lovbrot og useriøse aktørar, seier Båtnes.
Bakgrunnen for saka er ei melding som politiet fekk frå Fiskeridirektoratet for eit års tid sidan. Det utløyste ei omfattande innleiande etterforsking som danna grunnlag for aksjonen.
Låg risiko for kriminelle
– Med atterhald om kva som kjem ut av denne etterforskinga kan vi seie at fiskerikriminalitet har vore knytt til stor vinning og låg risiko for å bli oppdaga, seier einingar Ståle Luther i Troms politidistrikt.
Han seier politiet er bekymra for omfanget av fiskerikriminalitet i Troms.
– Det er samarbeid mellom fartøy og mottak, kvotetriksing og kvantumunndraging som for oss verkar utbreidd i distriktet, seier Luther.