Det er resultatet etter at rundt 50 personer blei testa for korona i Måløy måndag, skriv måløy24.no.
Det er snakk om to barn og ein tilsett og desse har til saman åtte-ni nærkontaktar, som vil bli testa onsdag, opplyser kommuneoverlege Jan Helge Dale.
Desse tre er er alle nærkontaktar av vedkommande som først blei smitta, og har sete i karantene.
Kommuneoverlegen fikk tirsdag også melding om én ny positiv prøve utenom Skarevik. Dette var også ein nærkontakt som har sete i karantene, slik at dette tilfellet også har samanheng med det større smitteutbrotet i Nordfjord, seier Dale.
Samtlege nærkontaktar til dei som er smitta er spora, og tiltak er iverksette. Dale seier også at det ikkje ser ut til å vere fleire kontaktpunkt mellom smitten på den stengde avdelinga og dei andre avdelingene. Dermed blir dei haldne opne inntil vidare.
Ein barnehagetilsett i Kinn er koronasmitta: – Ein del tilsette og barn i karantene