Tre nye koronasmitta - ein av dei i Kinn
Tysdag analyserte Helse Førde 419 nye koronaprøver, og tre av desse var positive for Covid-19.
Tysdag 10. november avdekte Helse Førde tre nye koronatilfelle, av totalt 419 analyserte prøver.
Dei tre positive prøvene kom frå kvar sin kommune. Ein frå Kinn, ein frå Stadt og ein frå Gloppen kommune.
– Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse, understrekar Helse Førde.
Tala omfattar heller ikkje prøver som er undersøkte ved andre laboratorium.
Kommentarer til denne saken