Tre nye korona-tilfelle i Helse Førde
Fredag morgon melder Helse Førde om tre nye positive koronaprøver i sitt område.
Torsdag 5. november analyserte Helse Førde 334 koronaprøver frå kommunane i sitt dekningsområde. Av desse testane var tre positive for Covid-19.
Onsdag vart det registrert seks nye korona-tilfelle i Helse Førde, av 281 prøver, og tysdag 3. november var det fire positive av 393 analyserte prøver.
Storevatn barnehage i Florø er no stengt etter at to barn fekk påvist korona: Barn frå tre avdelingar i karantene - testinga er i gang
Så langt i november er det registrert fem koronatilfelle i Florø, dette er ikkje inkludert eventuelle positive prøvar frå torsdag.
Kommentarer til denne saken