I arbeidet med å vidareutvikle Kinn kommune må vi no bruke ressursane våre på å binde saman nord og sør i kommunen.

Dette omhandlar mellom anna korleis vi lettare kan reise mellom Florø og Måløy, og då er det naturleg å løyse desse utfordringane i samarbeid med Bremanger som og vil nyte godt av gode kommunikasjonar på kysten.

I Kinn KrF har vi saman med Bremanger KrF sett på følgjande konkrete områder som må utbetrast og som vi vil jobbe for:

1. Kystvegen: Det er ei skam at Vestland Fylke ikkje har klart å prioritere kystvegen mellom Florø og Måløy. Det må leggast eit felles press på fylkestinget for å få realisering av vegstrekninga Svelgen - Indrehus høgt opp på prioriteringslista. Her må alle parti gå saman for å gjennomføre dette første viktige steget for å redusere reisetida.

2. Mobildekninga på strekninga Grov - Svelgen og vidare til hhv Isane og Oldeide er svært dårleg og må utbetrast. Her må vi legge press på utbygging av 4G/5G-nett slik at det går an å bruke reisetida til å kommunisere med omverda. Her må både Bremanger og Kinn kommune engasjere seg.

3. Båtrutene mellom Florø og Måløy er blitt langt betre med etablering av Kinn og må utviklast vidare. Mellom anna vil det vere ein fordel om det ville vere mogeleg å kunne ta med bil på strekninga Florø - Smørhamn , og då må Bremanger Kommune sørge for at ferjelemmen i Smørhamn vert sett i stand.