Tek du av riksveg 5 og inn på fv. 542 til Eikefjord frå vest, køyrer du over tre korte bruer som no Statens vegvesen skal utbetre. Bruene skal forsterkast på grunn av redusert bereevne, skriv vegvesenet i ei pressemelding. Bruene blir snevra inn til eitt køyrefelt i dag torsdag, og vidare utbetring av bruene skjer så fort som mogleg.

Den eine brua som skal utbetrast går over Hamnaelva like overfor stadion, og dei to andre ligg tett i tett der vegen passerer over Kleivaelva.

– Vi har visst om at desse bruene treng utbedring ei tid, men har ikkje hatt midlar til arbeidet. Ein ny kontroll viser at bereevna er dårlegare enn vi trudde, og difor set me inn tiltak og vil forsterke bruene så fort som mogleg. Det er nyleg etablert ei tømmerkai i Eikefjord, og vi er spesielt redde for at tømmertransporten kan bli ei påkjenning for bruene dersom vi ikkje gjer noko, seier bruforvaltar Jorunn Hillestad Sekse i Statens vegvesen.

Første tiltak blir som sagt innsnevring til eitt køyrefelt, for å redusere belastninga på bruene ved at berre eitt køyretøy kan passere om gangen. Så skal det setjast inn ekstra bjelkar under midten som ei midlertidig forsterkning, fram til finansiering er på plass til nye bruer.

– Prosjektet ligg øvst på vår prioritering til fylkeskommunen, så vi håpar at nye bruer kan byggjast om ikkje så altfor lenge, seier Sekse.

Ber staten ta ansvar når det kjem tømmerbilar langs trong skuleveg