Gå til sidens hovedinnhold

Tre av fire pakkereisearrangørar er i rute med tilbakebetalingar

Etter at Forbrukartilsynet sende brev til fire pakkereisearrangørar om tilbakebetalingar for avbestilte eller avlyste pakkereiser, er no tre av dei i rute.

(Firda)

Pandemien førte til at mange pakkereiser vart avbestilte eller avlyste, og mange av tilbakebetalingane vart utsette.

Forbrukartilsynet bad derfor Apollo, Ving, TUI og Hurtigruten om status på tilbakebetalingane i eit brev tidlegare i haust.

Apollo og Ving svarte at dei var i rute med tilbakebetalingane, og sakene med dei vart dermed avslutta. Hurtigruten og TUI fekk derimot eit nytt brev, då dei opplyste at dei enno ikkje var i rute.

Begge selskap vart bede om å seie noko om dei ville kompensere dei reisande for dei forseinka tilbakebetalingane med forseinkingsrenter.

Hurtigruten opplyste at dei ville vere i rute med tilbakebetalingane i starten av oktober, noko dei stadfestar at dei no er. Selskapet seier òg at dei gir forseinkingsrenter til dei forbrukarane som bad om, og hadde rett til det.

– Forbrukarane må kunne rekne med å få tilbake pengane dei har krav på innan fristane som lova set. Det er bra at arrangørane som har slite med å betale tilbake, kompenserer forbrukarane i form av forseinkingsrenter, seier den fungerande direktøren i tilsynet Bente Øverli.

TUI kunne derimot ikkje seie noko om når tilbakebetalingane ville vere i rute.

– Vi er i dialog med TUI for å finne ei løysing på korleis dei kan få betalt tilbake forbrukarane som ventar på pengane sine, seier Øverli.

Kommentarer til denne saken