I løpet av sommaren har dei 53 redningsskøytene i landet rykt ut på totalt 4.743 oppdrag for å hjelpe folk i båt.

Perioden frå mai til september i år har vore den travlaste for redningsskøytene som Redningsselskapet opererer. I alt 20 liv er redda og 52 fartøy berga i land i løpet av sommaren.

– Det er gledeleg at folk vel båtlivet på noregsferien sin, men trafikkvekst på sjøen fører til at beredskapen stadig blir sett på prøve, seier generalsekretær Rikke Lind i Redningsselskapet.

Samanlikna med fjoråret og med 2019, har talet på oppdrag for å hjelpe båtfolk auka kraftig. I 2019 registrerte selskapet 3.625 oppdrag, i fjor steig talet til 4.407 under pandemien.

Flest kontaktar Redningsselskapet når dei får stopp i framdrifta, anten det er motorstopp, problem med dregg eller ankar, eller andre ting. Redningsskøytene har òg hjelpt til ved 341 grunnstøytingar, også det ein rekord av året.

(©NPK)