Ved inngangen til 2023 var folketalet i Norge 5.489.000 personar. Folkeveksten enda på 63.700, og det talet har ikkje vore høgare sidan 2012.

– Hovudårsaka til den høge folkeveksten er auka innvandring som ei følgje av krigen i Ukraina, seier seniorrådgjevar Anders Sønstebø i SSB.

Han fortel at det innvandra 32 600 ukrainske statsborgarar til Norge i 2022. Ved utgangen av året bur det 35.400 ukrainske statsborgarar i Norge.

Men fødselstala går ned igjen etter eit lite oppsving i 2021. Det vart fødd 51.500 barn i Norge i 2022, 4.500 færre enn året før, og det lågaste talet sidan 1985.

Samtidig har det vore ei auke i dødelegheita, slik at det har vore ei solid nedgang i fødselsoverskotet. I 4. kvartal var det fleire som døde enn det var barn som blei fødd. Dette er første gong det har skjedd sidan SSB byrja å publisere befolkningsstatisitkk kvartalsvis i 1997.

I Vestland blei vi 4.913 fleire i 2022. Folketalet i fylket er no 646.205. Det er i Bergen og omlandskommunane Bjørnafjorden, Øygarden og Alver at veksten er størst. Men i dristrikta blir vi stadig færre.

Ti vestlandskommuner hadde nedgang i folketalet, og Bremanger er bland dei kommunane som slit mest med folketalsutviklinga.

Det blei 39 færre Bremangarar i 2022, medan Kinn auka innbyggartalet med 48

Slik ser den historiske folketalsutviklinga i Kinn ut:

Tilsvarande i Bremanger:

Folketala for alle vestlandskommunane den 1.1.2023 ser slik ut, med endring frå fjoråret i parantes.

  • Bergen 289 330 (+2400)
  • Bjørnafjorden 25 596 (+383)
  • Øygarden 39 368 (+336)
  • Alver 29 920 (+327)
  • Voss 16 144 (+269)
  • Ullensvang 11 148 (+267)
  • Stord 19 098 (+179)
  • Askøy 29 989 (+173)
  • Sogndal 12 198 (+101)
  • Sunnfjord 22 215 (+99)
  • Bømlo 12 132 (+71)
  • Fitjar 3181 (+64)
  • Luster 5302 (+56)
  • Kinn 17 179 (+48)
  • Kvinnherad 13 058 (+41)
  • Stryn 7244 (+37)
  • Kvam 8531 (+34)
  • Etne 4073 (+30)
  • Tysnes 2910 (+27)
  • Eidfjord 962 (+25)
  • Masfjorden 1654 (+25)
  • Osterøy 8152 (+21)
  • Gloppen 5892 (+17)
  • Stad 9543 (+16)
  • Austevoll 5297 (+14)
  • Lærdal 2129 (+12)
  • Fjaler 2913 (+12)
  • Fedje 513 (+11)
  • Aurland 1775 (+9)
  • Vaksdal 3875 (+8)
  • Ulvik 1056 (+5)
  • Modalen 380 (+2)
  • Vik 2561 (+1)
  • Gulen 2228 (-2)
  • Askvoll 2949 (-2)
  • Samnanger 2495 (-6)
  • Solund 756 (-12)
  • Høyanger 3949 (-16)
  • Hyllestad 1268 (-22)
  • Årdal 5172 (-32)
  • Austrheim 2856 (-33)
  • Bremanger 3482 (-39)
  • Sveio 5732 (-43)