Desse båtane står for halvparten av CO2-utsleppa i fylket

TEK DEI GREP? Politikarane i fylket startar i dag arbeidet med nye føringar for hurtigbåttrafikken. Her må det harde grep til dersom transportforma skal bli meir miljøvenleg.

TEK DEI GREP? Politikarane i fylket startar i dag arbeidet med nye føringar for hurtigbåttrafikken. Her må det harde grep til dersom transportforma skal bli meir miljøvenleg.

Hurttigbåtane våre slepp ut fire gonger så mykje CO2 per passasjer som flytrafikken. I dag skal fylkespolitikarane vurdere klimagrep.

DEL

I dag, måndag, skal fylkeskommunen starta forhandlingane om kva føringar hurtigbåtane skal ha i fylket i neste periode mellom 2022 og 2032, melder NRK Sogn og Fjordane.  Med 900 gram CO2 per passasjerkilometer, ligg denne kollektivtransporten på eit utsleppsnivå som ikkje ser pent ut, og det er venta at nye miljøkrav blir ein vesentleg del av endringane som vil liggje i dei nye føringane for dei som vil by på kontraktane i framtida.

Stein Malkenes frå Miljøpartiet Dei Grøne, meiner det vil bli konsekvensar dersom politikarane no ikkje stiller krav:

– Utsleppa vil halde fram. I tillegg får ikkje dei aktørane som skal tilby og driva teknologiutvikling sjanse til å stå på og gjennomføra utviklingsprosessane like hurtig og konkret som dei ville gjort om det var krav om det, seier han til NRK.

Artikkeltags