Vegtrafikksentralen melder på Twitter at det er redusert framkommelegheit på fv 614 mellom Dalsete og Langesjøvatnet i Ålfoten i retning Svelgen.

Det skuldast eit toaksla vogntog som ikkje kjem seg vidare. Det skal vere passasje for personbilar på staden, men ikkje for større køyretøy.

Oppdatert: Vegen er no open for trafikk.