Trailer strødde ølboksar langs vegen

Politiet i Aurland fekk ei ganske uvanleg oppgåve laurdag ettermiddag.

DEL

(Firda) Politiet fekk laurdag ettermiddag melding om ølboksar langs vegen på E16 i Aurland.

– Vi fekk melding om at det fall ut litt last frå ein trailer. Lasta var ølboksar, melder politiet.

Dei første meldingane kom frå Trengereid. Det kom også meldingar frå Voss.

I Aurland fekk politiet stoppa traileren. Det viste seg at baklemmen ikkje var skikkeleg lukka, og at noko av lasta hadde forskyvd seg.

Då dei opna døra fann dei ei god smørje av øl, sjokolade og vaniljesaus.

Politiet stilte opp og hjelpte sjåføren med å rydde og stable, slik at traileren kunne halde fram turen austover.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken