Det var fredag 7. oktober ulykka skjedde. Ein båt med tre personar om bort kantra utanfor Bulandet.

Redningsaksjonen var krevjande, men dei tre blei til slutt henta opp frå sjøen. Livet til 30 år gamle Silje Grøneng sto dessverre ikkje til å redde

I båten var det også ein mann i 30 åra som kom frå ulykka utan større fysiske skader, og ein fem år gamal gut som blei frakta til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Fredag ettermiddag fortel politiet i ein pressemelding at tilstanden til guten har endra seg frå kritisk til stabil.

– Guten er i betring, men er framleis innlagt på Haukeland sjukehus i Bergen – der han får behandling og oppfølging.

Opplysningane er gitt i samråd med guten sine pårørande.