Snurra på glatta

Artikkelen er over 4 år gammel

Natt til onsdag var det trafikkulykke ved Grov.

DEL

Natt til onsdag, klokka 04.04, fekk politiet melding om trafikkulykke utanfor Florø.

Ein personbil hadde snurra på Riksveg 5 i Grovavågen.

Det vart skader på bilen, men ikkje lekkasjar frå bilen, melder Sogn og Fjordane politidistrikt i loggen. 

Det var ikkje meldt om personskade.

Etter ulykka sperra bilen køyrefeltet mot Florø. Men eigar rekvirerte bilberging og fekk ordna opp.

Artikkeltags