Trafikkuhell på Klavelandet

ILLUSTRASJONSFOTO: Rv 5 langs Klavelandet mot Helgøysundet framme til venstre. Sandvika i midten og Nyttingneset t.h. Foto: Dag Nesbø Frøyen

ILLUSTRASJONSFOTO: Rv 5 langs Klavelandet mot Helgøysundet framme til venstre. Sandvika i midten og Nyttingneset t.h. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Alle naudetatane rykte ut då ein bil med fire personar køyrde i fjellveggen.

DEL

Rundt klokka eitt natt til laurdag var det eit trafikkuhell på Klavelandet. Ifølgje vakta på operasjonssentralen var det berre ein bil involvert i uhellet.

- Ein bil har hatt eit uhell på Klavelandet i Flora. Akkurat kva som har skjedd er enno ikkje fastslått, seier operasjonsleiar Wenke Hope på operasjonssentralen til Firdaposten klokka 01:40.

Alle naudetatane rykte ut til staden.

- Om det er personskader, er det mindre personskader det er snakk om, melder operasjonssentralen.

Etter kvart fekk dei oversikt over situasjonen. Bilen hadde misst veggrepet, køyrd i  autovernet og deretter i fjellveggen. Bilen køyrde i retning vestover då uhellet skjedde og det var ikkje andre køyretøy involverte. Det var mykje nedbør, og sleip og glatt vegbane. Det var fire menn i 20 åra i bilen og alle vart sende til legekontroll. Den eine av dei var lettare skada. Det er oppretta sak som vert vidare etterforska av Flora politistasjon. Det er ikkje mistanke om rus.

Artikkeltags