Dei mintest ein venn

    Artikkelen er over 4 år gammel

    I kveld mintest dei 19-åringen som omkom i ulykka i Brandsøya

    DEL

    Onsdags morgon meldte politiet om at ein ung mann omkom i bilulykka i Brandsøya.

    Klokka ni, onsdags kveld, samla dei seg på Fugleskjærskaia. Nokon i bilar, andre til fots. Dei står tett og pratar stille. Klemmar kvarandre. Trøystar. Set seg i bilane. Slår naudlysa på.

    Med nesten 40 bilar lagar dei ei blinkande lyslenke og køyrer lydlaust gjennom byen. Synlege. Samansveisa. Til minne om ein god ven som i dag mista livet i ei ulykke. Til støtte for ei hardt skadd venninne som ligg på Førde sentralsjukehus.

    Rørt over oppslutnaden

    — Han var ein del av bilmiljøet i Florø. Vi ønska ei minnestund som spegla den han var. Eg blir heilt rørt over kor mange som har stilt opp, seier Thomas Buarøy Roset, initiativtakar og kamerat til den omkomne.

    — Eg hadde rekna med 10-12 bilar. Det var derfor heilt utruleg fint å sjå 40 bilar og 150 menneske.

    Statens vegvesen og politiet stengde vegen i ein halvtime under markeringa. Røde Kors stilte med uniformert mannskap for å vere der for dei som trong nokon å prate med.

    Dei køyrer i kortesje gjennom byen til ulykkestaden. 150 menneske, unge og gamle, stig ut av bilane, men beheld lyslenka på. Tenner lys og legg ned blomar. Nokon har med bilde, andre ei siste helsing skrive på kort. Held om kvarandre og minnast ein venn.

    Artikkeltags