Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulykke ved Svelgen

Naudetatane har rykt ut etter melding om trafikkulykke på Fv 614.

Klokka 14.45 melder Vest politidistrikt om ei trafikkulykke ved Svelgen i Bremanger kommune.

Trafikkulykka skal ha skjedd på Fv 614, ved motocrossbana som ligg i dalen ovanfor Svelgen.

– Det er ein bil som er involvert i ulykka, og det var berre førar i bilen. Han er vaken og bevisst, melder politiet sin operasjonssentral.

Naudetatane er på veg til staden.

Vegtrafikksentralen melder på Twitter at ei av vegbanene er stengt på staden og at det er redusert framkome på grunn av trafikkulykka.

Oppdatering: Frå klokka 16.20 er vegen open som normalt.

Kommentarer til denne saken