Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulykke utanfor Florø

(Firda)

Klokka 21.46 Søndag kveld melder Politiet på Twitter om ei trafikkulykke aust for Florø sentrum, i området Havikbotn ikkje så langt frå Fjord Base. Fire personar var i bilen, men ingen av dei vart skadd, melder politiet. Det er svært sterk vind på staden, og dette vegpartiet på riksveg 5 kan vere spesielt glatt når det frys på.