Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulykke på Rv5

Artikkelen er over 1 år gammel

Det er full utrykking etter melding om trafikkulykke ved Tonheimsstranda på Riksveg 5 mellom Florø og Eikefjord.

Klokka 14.35 er det meldt om trafikkulykke ved Tonheimsstranda mellom Florø og Eikefjord.

Ein bil med to personar skal ha køyrd utfor vegen.

Begge personane som var i bilen skal vere vakne og bevisste.

– Det er nokre trafikale problem i området, naudetatane er på veg til staden, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Politi, legevakt, ambulanse og helikopter er på staden. Litt over klokka 15 letta helikopteret, fortel vitne til Firdaposten.

Vegtrafikksentralen melder at vegen no er stengt på grunn av ulykka. Det er lange køar på staden. Klokka 15 melder vegtrafikksentralen at vegen truleg vil opne att ca. 15.30.

Les også

To til sjukehus etter utforkøyring

Kommentarer til denne saken