Trafikkulykke i Sundafjellstunnelen

Full utrykking etter at bil køyrde i fjellveggen i Sundafjellstunnelen.

DEL

Like etter klokka 21 var det full utrykking etter melding om trafikkulykke i Sundafjellstunnelen.

Ein personbil med tre personar om bord har køyrd i fjellveggen, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Alle naudetatane rykte ut, men ingen skal vere alvorleg skadde. Ingen av dei tre i bilen var fastklemde, alle var bevisste og oppegåande, skreiv politiet like etter klokka 21.

Ein halvtime seinare melder politiet at to av personane som var i ulykkesbilen er køyrd vekk i ambulanse, og at dei har ukjent skadeomfang.

Tunnelen er stengt etter ulykka, og var framleis stengt klokka 22. Klokka 23 melder Statens vegvesen at tunnelen er open att.

Politiet seier ikkje noko om årsaka til ulykka.


Artikkeltags