Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulykke i Florø

To bilar kolliderte på Evja torsdag ettermiddag.

Like før klokka 15.30 melder politiet om ei trafikkulykke mellom to personbilar.

Kollisjonen skjedde i Skudalsvegen, i krysset ved avkøyrsla til Coop Extra og Kinn Pepper, og det var ein person i kvar av bilane.

Vegen var stengt, og det var kø og trafikale utfordringar på staden i etterkant av ulykka, men klokka 15.45 går trafikken over Evja som normalt.

Politiet på staden og gjennomfører avhøyr av dei involverte. Det er ingen personskade, melder Vest politidistrikt på Twitter.

Ein personbil er berga vekk frå stade.

Kommentarer til denne saken