Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkulykke i Eikefjord

Vest politidistrikt melder på Twitter kl. 13:45 om ein bil som har køyrt utfor vegen og ligg på taket i ei skråning. Vidare meldast det om at bilføraren er våken og bevisst, og er ute av bilen. Nødetatar er på utrykking mot staden.

Ulykka skal ha skjedd på Fv. 611, skriv Firda.

Politi, brannbil og ambulanse er på veg til staden.

Kommentarer til denne saken