Kom uskadd frå bilbrann

Foto:

Av
DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Like etter klokka sju fredag morgon melde politiet om bilbrann på Rv5 mellom Storebru og Svarthumle.

– Brannvesenet er på plass og i ferd med å sløkke brannen, og vi trur situasjonen er under kontroll, seier operasjonsleiar ved vaktsentralen i Florø, Magne Faleide, klokka 0710.
Politiet var då ikkje komne fram til den brennande bilen, skriv firda.no.

Vegen vart stengd, men klokka 0730 vart den opna med manuell dirigering, melder politiet. Det var ein person i bilen.
Vedkommande kom seg ut med eiga hjelp, og har opplyst til politiet at han ikkje er skadd.

- Brannvesenet har fått sløkt brannen, men bilen har nok fått store skader, seier Terje Birkeland ved Alarmsentralen i Florø til NRK.

Det er førebels ikkje klart kva som var årsaka til brannen.

Artikkeltags