Bil har køyrt i fjellveggen

Av
Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Politiet melde klokka 16.15 at det har vore ei trafikkulykke på Rv 15 ved Haus på Eid. Dette melder Firda.

Eit einsleg køyretøy skal ha køyrt i fjellveggen, og så langt skal det ikkje vere meldt om personskade.

Operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Ole Tom Nord, fortel til Firda at vegen no skal vere rydda, etter at bilbergar har vore på staden.

Det var tre personar i bilen. Ein førar, ei gravid kvinne og eit barn.

– Alle tre er sendt til legevakt for sjekk, seier Nord.

Kva føre og kva forhold det var på staden, har ikkje operasjonsleiaren fått rapport om, men han fortel at dette vil komme fram av avhør med føraren.

Vegen var stengt i omlag 30 minutt i samband med ulykka, men er no open for fri ferdsel.

Artikkeltags