Trailer har sklidd av vegbana – E39 delvis stengt

ULUKKE: Traileren var på veg nordover då den køyrde utfor vegen.

ULUKKE: Traileren var på veg nordover då den køyrde utfor vegen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITI: Naudetatar og bergingsbil er på veg.

DEL

Rundt klokka 06.00 tysdag morgon melder politiet at ein trailer har skildd av vegen ved Svidal i Jølster.

Traileren står mot autovernet og E39 er delvis stengt. Naudetatar og bergingsbil er på veg, skriv politiet på Twitter.

– Traileren står mot vatnet. Vi har snakka med førar som melder at han skal vere uskadd, men AMK har likevel sendt ein ambulanse for å sjekke, fortel operasjonsleiar Lars Geitle i Vest politidistrikt.

Det er Firda som melder dette.

Det skal vere svært glatt på staden.

– Politiet er enno ikkje komen fram til staden, men det skal vere grei passasje for større og mindre bilar, seier Geitle.

Klokka 06.26 melder politiet at brannvesenet er komen til staden. Køyretøyet har store skadar, og det er også kome noko diesellekkasje. Brannmannskapet dirigerer trafikken forbi staden.

Vegen vil bli stengt

Vegtrafikksentralen har vore og salta etter at ulukka skjedde, men det kan framleis vere glatt vegbane, seier politiet.

Bergingsbilen er venta til ulukkesstaden rundt 07.30. Vegen vil bli stengt når berging held på.

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags