Trafikkulukke på Storebru

DEL

Politiet melder på Twitter at det har vore ei trafikkulykke på Storebru på Riksveg 5.. Det skal vere snakk om ei singelulykke med to personar i bilen. Begge to skal vere ute av bilen, og det er opplyst at den skal ha køyrt i autovernet.

Det er snakk om ein personbil, og det har ikkje blitt utløyst airbag i hendinga. Begge personane er oppegåande.

Det er 80-sone på staden, og bilen sperrar eitt av køyrefelta, men trafikken kan passere på ulukkesstaden.

Kollisjonen skal ha skjedd på Riksveg 5, nær avkøyrsla til Fylkesveg 615, Hyevegen. Bergingsbil skal vere på veg, og politiet melder om noko lekkasje og materielle skadar på bilen.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken