(Firda)
Klokka 14.25 søndag fekk Vest politidistrikt melding om eit trafikkuhell på rv. 5, ca. 200 meter vestover frå krysset ved Grov.
Ein bil med to personar køyrde i autovernet i ein sving, men ingen vart skadd.
Operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen sa til Firda klokka 14.45 at ulukka viste seg å vere mindre alvorleg enn dei først trudde:
– Vi har allereie vore på plassen og reist igjen. Ingen vart skadd i uhellet. Bilen har fått mindre skadar, men den kunne etter det eg veit køyrast vidare.
Politiet har konkludert med at årsaka til ulukka var glatt veg. Vegtrafikksentralen har fått beskjed.
Les også
Bil hamna i grøfta. Tre til sjukehus
TIPS OSS
Tlf. 57 75 73 28 E-post: [email protected] SMS/MMS "fiptips" til 2005