To personar i trafikkulykke i Bremanger

Bilen vart liggande med alle fire hjula i vêret etter ulukka. Dei to som sat i bilen var svært heldige som kom seg ut ved eiga hjelp. Bilen låg ikkje stødig, sa redningsmannskapet.

Bilen vart liggande med alle fire hjula i vêret etter ulukka. Dei to som sat i bilen var svært heldige som kom seg ut ved eiga hjelp. Bilen låg ikkje stødig, sa redningsmannskapet. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

BREMANGER: Ein fekk lettare skader, men begge er køyrde til sjukehus i ambulanse.

DEL

Klokka 13.43 vart det meldt om ei trafikkulykke på fv. 614 ved Djupevik vest for Svelgen. Det melder AMK ved helse Førde klokka 13.52. Bilen har tippa over rekkverket på ein stad der det er svært bratt ned mot sjøen.

Ein bil er involvert i ulykka og det var to personar i bilen, melder Firda.

Ulykka skal ha skjedd på fv. 614, om lag 300 meter før det gamle bossanlegget på Kjelkenes,  og bilen har køyrt av vegen på veg mot Svelgen. Frå skadestadsleiar får Firdaposten opplyst at ulukka hende då ulukkesbilen møtte eit køyretøy som låg midt i vegen. I eit forsøk på å svinge unna, kom bilen ut i grøfta, trefte ein bergnabb og skjena over på andre sida av vegen og over rekkverket.

Bildet viser kvar bilen først har treft ein bergnabb på høgre side av vegen, for deretter å skjene over vegen og utfor rekkverket.

Bildet viser kvar bilen først har treft ein bergnabb på høgre side av vegen, for deretter å skjene over vegen og utfor rekkverket. Foto:

Det ser svært stygt ut på ulukkesstaden, og verkar nesten som eit under at ingen vart alvorleg skadd, og at dei to i bilen greidde å komme seg ut sjølv. Redningsmannskapet på staden opplyser at bilen ligg og vippar mellom nokre tre.

Ein av dei to involverte oppgav å ha smerter i kroppen og begge vart tekne med til sjukehuset i Førde.

Bilen ligg utanfor vegbana, om lag nokre meter ned i den bratte skråninga mot sjøen. Brannmannskap og ambulanse rykte ut og bergingsbil vart rekvirert frå Eikefjord.

Det er lite trafikk på staden, melder politiet, men vegen vil bli stengd i korte periodar.

Artikkeltags