Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkuhell på Evja

To bilar var involverte i eit trafikkuhell på Ejva måndag morgon.

– Hendinga blei meld til oss klokka 08.20. Det er to bilar der den eine har køyrt inn i den andre bakfrå. Det var to personar i bilane, som ikkje har komme skade. Det er bestilt bilbergar til eine bilen, seier vaktleiar Eivind Hellesund ved operasjonssentralen i Bergen.

Firdaposten kunne konstatere at det var til dels store skader på den bakerste bilen.

Naudetatane er på staden.

Kommentarer til denne saken