FIRDA: Vegtrafikksentralen Vest melder måndag morgon om ei trafikkulykke i Førde. Naudetatane er på staden.
Det vart då meldt at ein motorsykkel og ein bil hadde kollidert. Firdaposten melde først at ulykka skjedde der RV5 møter E39, men det var ikkje rett. Ulykka skjedde på E39, i krysset mellom E39 og nedkøyringa frå Flatene.
– Bilen var på veg mot askvollkrysset, medan motorsykkelen køyrde nedover lia mot Førde sentrum, seier operasjonsleiar Ole Jørgen Eide, men legg til at dei førebels ikkje veit korleis dei to køyretøya har støytt saman.
Føraren av motorsykkelen var vaken og bevisst, og blir tilsett av helse før han vart sendt vidare til legevakta for ein sjekk. Føraren av bilen er uskadd. På ulykkesstaden seier innsatsleiar Eide at motorsyklisten ikkje verkar vere alvorleg skadd.
Det vart meldt om lange køar på staden etter ulykka, både på E39 og på fv. 609 opp mot Askvollkrysset.
Klokka 08.10 seier operasjonsleiar Hellesund at vegen er open og trafikken flyt fint igjen.