Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkuhell i Bremanger – brannvesenet er på veg

Det er 110 Vest som melder på Twitter at brannvesenet er på veg til det som har vore eit trafikkuhell på Hauge i Bremanger.

Vaktkommandør ved 110 vest, Tore Fanebust, kan fortelje at det er to bilar som har frontkollidert på Grotlevegen i nærleiken av Hauge.

– Det var lite hastigheit inne i bildet. Det er litt materielle skader, men det er ikkje melde om alvorleg skade på personar, legg han til.

Det er slaps og glatt på staden. Det kan ha vore ei medverkande årsak til uhellet, utan at Fanebust vil konkludere med det på noverande tidspunkt.

Større køyretøy kjem ikkje forbi på staden i skrivande stund, men mindre køyretøy er det plass til. Vegen er med andre ord berre delvis stengd.

Brannvesenet er no på staden.

Kommentarer til denne saken