Vaksne droppar refleks – blir påkøyrd

75 prosent av personskadane i september er påkøyrsler, men berre fem prosent av fotgjengarar som blir påkøyrd og skadd brukar refleks.

75 prosent av personskadane i september er påkøyrsler, men berre fem prosent av fotgjengarar som blir påkøyrd og skadd brukar refleks. Foto:

Av

140 fotgjengarar og syklistar er skadd i trafikken i september de siste fem årene.

DEL

Dei fleste er vaksne menn. Det er ikkje for tidleg å bruka refleks, ifølge Trygg Trafikk og forsikringsselskap.

Nesten umogleg å sjå

Heile 75 prosent av personskadane i september er påkøyrsler, men berre fem prosent av fotgjengarar som blir påkøyrd og skadd brukar refleks, ifølge tal frå Transportøkonomisk institutt.

Utan refleks er du synleg først på 25–30 meters hald om bilen brukar nærlys. Du ser bilen, sjåføren ser ikkje deg.

– Mange fotgjengarar trur at når dei sjølv ser bilane, ser også bilistane dei. Men på mørke haustkveldar kan det vera nesten umogleg å oppdaga gåande langs vegen, seier Paal-Gunnar Mathisen, som er distriktsleiar i Trygg Trafikk i Østfold.

Kan redda liv

Dette gjeld også i opplyste gater der mange trur at dei blir sett.

– Med refleks er du synleg på 140 meters hald når bilen brukar nærlys, og på 400 meters avstand når bilen brukar fjernlys, fortel Mathisen.

Tenk deg at du går utan refleks i mørket langs ein veg. Då vil ein bilførar som køyrer i 50 km/t ha to sekund på å oppdage deg.

– Med refleks vil bilføraren ha 10 sekund til rådigheit. Det kan redda livet ditt, seier Mathisen.

Fort mørkt

Talet personskadar i september er høgare enn både i oktober og november, viser forsikringsbransjens statistikk for melde personskadar i trafikken, Petrast. Nesten åtte av ti som er blitt skadd i septembertrafikken er fotgjengarar og syklistar over 25 år, ifølge Heidi Tofterå Slettemoen i Frende Forsikring.

Statistikken for dei siste fem åra viser at ni prosent av dei skadde er barn under 14 år, mens 12 prosent er mellom 15 og 24 år. Seks av ti skadde fotgjengarar og syklistar mellom 15 og 64 år er menn.

– Oi, er det så mørkt alt? Du er ikkje åleine om å bli overraska når du kjem ut frå foreldremøtet eller treninga og oppdagar at det er blitt mørkt, seier Slettemoen.

– Både låg sol og mørke som kjem brått på, kan gi dårleg sikt. Sjølv om mange synest det er vanskeleg å sjå fotgjengarar utan refleks, bruker dei det likevel ikkje sjølv, seier ho.

Refleksvest i bilen

Ifølge forsikringsselskapet bør det vere like sjølvsagt å bruke refleks når du går og syklar som å ha refleksvest i bilen.

– Påbodet om refleksvest i bilen kom blant anna på grunn av ulykker der bilistar vart påkøyrd fordi dei ikkje vart sett då dei gjekk ut av bilen, seier Slettemoen.

Ein refleksvest gjør deg meir synleg både når det er lyst og mørkt. – Om du for eksempel må skifte eit punktert dekk, legge på kjetting eller du skal setta ut varseltrekanten, skal du ha vest på deg, fortel Slettemoen. (ANB)

Artikkeltags