Up tok seks fartssyndarar i Florø

Utrykningspolitiet med kontroll i Florø måndag.

DEL

Under ein UP-kontroll i Florø er seks bilistar knipne i å køyre for fort. Det melder politiet via sin twitterkanal.

Kontrollen måndag gjekk føre seg i ei 60-sone, og samtlege sekt enda med å få forenkla førelegg.

Den som hadde det aller mest travelt blei målt til 76 km/t i 60-sona. Køyrer du mellom 16 og 20 kilometer i timen for fort i ei 60-sone, er bøtenivået no på 5500 kroner, samt at du får tre prikkar i førarkortet ditt. Grensa for å miste førarkortet i 60-soner går ved 86 km/t.

Artikkeltags