Kanselleringar på lufthamna måndag morgon

FLORØ: Trøbbel både til og frå Florø i morgontimane måndag.

DEL

Ifølgje Avinor sine nettsider er 06.20-flyet til Oslo utsett og har fått ny tid 06.55.

09.40-flyet til Bergen er kansellert, det same gjeld 08.30-flyet til Førde. Sistnemnte påverkar også trafikken ut frå Bringeland, der 09.05-flyet til Bergen er kansellert.

Flyet frå Bergen til Florø med ankomst 08.15 er innstilt, medan 09.05-flyet frå Oslo har fått ny ankomsttid 09.30.



Artikkeltags