Gå til sidens hovedinnhold

Trafikklysmodellen for vidaregåande skule skal endrast

Utdanningsdirektoratet, FHI og Helsedirektoratet skal foreslå endringar i trafikklysmodellen slik at gult nivå blir meir gjennomførbart i vidaregåande skule.

Justeringane skal etter planen innførast i veke 3, skriv VG.

– Vi har gitt i oppdrag til Utdanningsdirektoratet, FHI og Helsedirektoratet å vurdere trafikklysmodellen og foreslå eit nytt og meir gjennomførbart gult nivå for dei eldste elevane, altså i vidaregåande skule. Det er litt for tidleg å seie kva dette vil munne ut i. Målet mitt er å halde skular og barnehagar opne, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Brenna og regjeringa har fått mykje kritikk for at vidaregåande skular i heile landet er på raudt nivå. No skal Utdanningsdirektoratet og helsestyresmaktene sjå på moglegheitene for å justere gult nivå slik at det blir mogleg å innrette nivået så det kan sameine eit godt opplæringstilbod og smittevernfagleg forsvarleg drift.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken