FIRDA: – Vi fekk melding om dette frå ein bilist for rundt ein time sidan, sa Bernhard Langer i Statens vegvesen i 10-tida torsdag.

– Entreprenør er allereie på staden og prøver å rette opp i feilen. Vi kan ikkje seie noko om kva som har skjedd eller kor lang tid det vil ta før lysa er ordna, sa Langer då.

Når Firda ringer igjen 14.45, opplyser Langer at dei ikkje får fiksa krysset i dag.

– Kretskortet er øydelagd og det kan vi ikkje ordne sjølv. Vi har difor bede om hjelp frå Sveco i Oslo. Dei er venta til Førde fredag, seier Langer.

Til lyskrysset er tilbake i drift, er det vanleg vikepliktsregel som gjeld.