Gå til sidens hovedinnhold

Trafikkfarlege flipflops

Artikkelen er over 1 år gammel

Sandalar i bil kan skape farlege situasjonar melder NAF som meiner bilførarar må ta seg bryet med å skiftefottøy før dei set seg bak rattet.

Fridomen ved å labbe rundt i sandalar sommartid kan endre seg fort om du set deg i ein bil og ikkje skor deg om.

– Flipflops og lause sandalar kan henge fast i golvmattene og skape farlege situasjonar når du sit bak rattet, seier Ingunn Handagard, senior kommunikasjonsrådgjevar i medlemsorganisasjonen NAF, i ein pressemelding.

Ho peikar på at i det du må reagere raskt må skoen følge med frå gasspedalen til bremsa. Når du køyrer må du difor ha sko som sit godt fast rundt foten og sørger for at du ikkje mister kontakt med pedalane.

I sommarvarmen kan det vere smart å ha et par gode sko med i bilen slik at det er enkelt å skifte fottøy. Det er nemleg heller ikkje eit godt alternativ å køyre berrbeint. Sjølv ein liten stein kan utløyse refleksen kor du trekk til deg foten, i staden for å trykke den normalt ned.

– Gode køyresko er flate, har elastisk sole og sit tett og godt rundt foten, avsluttar Ingunn Handagard.

Kommentarer til denne saken